Konfirmant 2017-2018

Ei viktig tid- eit viktig val!
Du er berre eit år unna ein høgtideleg dag i livet ditt.
Velkomen som konfirmant i Nedstryn, Oppstryn, Loen, Olden, Innvik, Utvik, Nordsida, Randabygd og Hornindal kyrkjelyd!


Konfirmanttida er ei tid for å tenkje nye tankar, få nye opplevingar og kanskje nye venner!
I konfirmanttida er det tid og rom for å tenkje og stille spørsmål. Ei tid for å lære meir om Gud, om deg sjølv og om andre menneske.
     
Konfirmantåret består av 5 ulike deler.
Undervisning i konfirmantklassar, musikalarbeid, konfirmantdagar/turar, fasteaksjonen og gudstenester.  Tilsaman omkring 60 timar konfirmantopplegg.

Undervisning i konfirmantklassar
Konfirmantane kan velje mellom tre ulike modellar for undervisninga.

 

  1. Undervisning rett etter skulen ein gong i månaden:

    - Stryn: ein torsdag i månaden. Kl. 14.40-16.10

    - Olden: kl. 14.10 – 15.45. ein tysdag i månaden i Solvang

    - Hornindal: kl. 14.30 – 16.00,  ein onsdag i månaden i kyrkja eller kyrkjelydsstova.

     

  2. Konfirmantspeiding med all undervisninga som friluft/speidar-aktivitet:

    Base i gapahuken ved Stryn skisenter, ein tysdag i månaden kl. 17.30-19.00

     

    3.DMD konfirmant- (drama, musikk, dans), deltek på Ten Sing annakvar veke.
    Deltek på 2-3 undervissamlingar etter skuletid saman med dei andre konfirmantane kvart semester.


    Konfirmanthelgar med musikalarbeid
    Dette året vil vi jobbe med ein konfirmantoppsetting. Det vert samling med alle konfirmantane 26.november, 13-15.april og 28-29.april. Framføring av musikalen blir årets samtalegudsteneste, og konfirmantane tek del med ulike oppgåver.


    Konfirmantturar
    I løpet av året skal vi ha nokre større konfirmantsamlingar. Det vert aktivitetsdag på Vereide laurdag 2. september, Nattcup i Måløy 3. november. 9.-11. februar er det Vintertreff i Stryn i regi av KFUK-KFUM  for ungdom frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.  Konfirmantane skal vere med på litt av det som skjer denne helga som ein del av konfirmantåret. (konsert, kreativ samling med Ten Sing Norway, gudsteneste) Dei som ynskjer, kan melde seg på heile helga.

    Fasteaksjonen.
    Kvart år er konfirmantar og foreldre, saman med den lokale kyrkjelyd, med på Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon. Aksjonen finn stad veka før påske. (20.mars) Vi ber om at alle konfirmantane stiller med ein vaksen denne dagen. http://www.fasteaksjonen.no/
     

  3. Gudstenester
    I løpet av året skal konfirmantane delta på minst 8 gudstenester. Nokre av dei er spesielle og obligatoriske gudstenester som konfirmantane er aktivt med i, for eksempel presentasjon og samtalegudsteneste, dei skal også delta med oppgåver i 1-2 «vanlege» gudsteneste. Bak i konfirmantboka er det skjema som skal fyllast ut og underskrivast etter kvar gudsteneste.

     

    Viktige Datoar
    * Aktivitetsdag på Vereide 2.september 

    * Presentasjonsgudstenester hausten 2017 markerar starten på konfirmantåret
    3. september: Nedstryn, Nordsida
    10.september: Loen, Olden, Hornindal
    17. september: Randabygda
    24.september: Utvik, Oppstryn
    1.oktober: Innvik

     

* Foreldremøte 3.10. Foredrag med Mia Börjesson i Stryn kulturhus 18.30-19.30. Informasjon om konfirmantåret i Betania etterpå.

 

* Nattcup 3. november

* Vintertreff i Stryn 9.-11 februar

* Musikalhelgar: 26.november, 13-15. april, 28-29 april

 

Konfirmasjon 2018
Torsdag 10. Mai (Kristi himmelfartsdag)
Nedstryn, Nordsida og Innvik

Lørdag 12. Mai
Nedstryn, Hornindal og Utvik

Søndag 13. Mai
Nedstryn

Lørdag 19. Mai
Oppstryn

Søndag 20. Mai
Randabygd og Olden

Lørdag 26. Mai
Loen

v/ Konfirmantansvarleg Kateket Beate Nes

Tlf. 57874813/ 98654244

14.09.2017