Vigsel

Sommaren er høgsesong for bryllaup.

Hugs å ta kontakt med presten i god tid for å avtale kvar og når de ønskjer å gifte dykk. Og det er viktig å vere klar over at no skal alle papir i samband med vigsel levarast til FOLKEREGISTERET der ein av brudefolka bur.  Skjema finnes på fleire språk.

Ordninga for vigsel gjev brudeparet høve til å setje eit personleg preg på den kyrkjelege handlinga i nært samarbeid med prest og organist, ein kan m.a. velje mellom fleire skriftlesingar, og leggje inn ulike innslag med musikk og/eller symbolhandlingar som å tenne lys. Meir informasjon og nedlasting av ordning for vigsel her.

Papira som skal underskrivast finn de her: http://www.skatteetaten.no/…/Folkeregist…/Ekteskap-og-samliv

03.09.2015