Gravferd

Gravferd

Når nokon døyr og de skal førebu gravferd, ta kontakt med presten som har teneste i soknet der de ønskjer å ha gravferda. 

Alt har si tid – også døden. Dei fleste knyter sterke, men ofte ulike kjensler til møtet med døden. Likevel vil mange ha ønske om å ta avskil og til å ta fram minne enten for å gjere eige liv rikare – eller å avslutte ei historie. 
Gravferd betyr mykje for eit reelt kjenslemessig avskil med den døde. Likevel er det slik at dette er noko ein gjerne ikkje tenkjer så mykje på før eit dødsfall brått er ein realitet. Nedanfor vil vi prøve å gje litt informasjon om kva som må gjerast i slike tilfelle – og kva Kyrkja og andre kan hjelpe med.

Planlegginga
I dag kan eit gravferdsbyrå ta seg av mykje av det praktiske rundt ei gravferd. Det er dei pårørande sjølve som avgjer om ein ønsker å nytte gravferdsbyrå eller ikkje – og kor mykje dei ønsker at byrået skal ta seg av. Pårørande blir rådde til å ta seg litt tid til å kjenne på og snakke om kva for delar av førebuingane ein ønsker å gjere sjølv. Det kan være oppgåver som å ta kontakt med prest, kyrkjekontoret i kommunen, stell av den døde, annonsering, transport osv. I dag veit vi at det kan bety mykje for sorgarbeidet om dei syrgjande sjølve deltek atkivt òg i dei praktiske førebuingane. Oftast får ein hjelp frå aldersinstitusjon, sjukehus og/eller lege om kven som skal ha melding om dødsfallet. Dødsmeldinga vert skriven av lege og sendt til lensmannen eller skifteretten. Lensmannen sender dødsattest til soknepresten, folkeregisteret og NAV.

Om ein vel å nytte gravferdsbyrå er det normalt dette byrået ein først tek kontakt med. Byrået vil deretter vere behjelpeleg med råd og rettleiing om kva som skal gjerast.

I vårt område er det hovudsakeleg to gravferdsbyrå som vert nytta:
- Hjelmeland Begravelsesbyrå - tlf. 905 50 905 - www.hjelmeland.as 
- Gravferdshjelpa - tlf. 975 90 829 - www.gravferdshjelpa.no 

Dersom dei pårørande sjølve ønsker å stå for gravferda - utan å nytte byrå - er gangen i dette slik:
- Ta så snart som råd kontakt med kyrkjekontoret i Stryn kommune (vakttelefon: 913 27 882 ) og melde frå om dødsfallet. I denne kontakten opplyser ein også om kven som er kontaktperson for familien, samt det ein veit om gravstad (om der er festa grav eller det skal vere ny grav, om det skal festast grav ved sida av, om ein ønsker kremasjon eller kistegrav, osv). Den avdøde har rett til fri grav i 30 år (fredningstida), for evt. festa grav ved sida av må det betalast festeavgift (gravleie).
- Kyrkjekontoret varslar omgåande vakthavande prest, og fastset dag og tid for gravferda 
- Kyrkjekontoret er og behjelpelege med utfylling av nødvendige dokument, utforming av annonse, osv. om dette er ønskeleg.
- Presten tek kontakt med familien så snart som råd – og seinast innan 48 timar etter at dødsfallet er meldt. I denne første kontakten vil presten avtale tid for møte med familien (sorgsamtale).
- På møtet med familien orienterer presten også om gangen i sjølve gravferdsseremonien, ein avtalar kva salmar som skal nyttast og ein tek opp kven som skal lese minneord ved båra. Minneord vert gjerne lese av ein i familien – men dersom dette ikkje er mogleg er det vanleg at presten les minneordet.
- Når ein har avgjordt kva salmar som skal nyttast orienterer presten organisten om dette. Dersom familien ønsker musikk og/eller sang frå andre under seremonien må dette avtalast med prest og organist.
- Familien avgjer også om dei sjølve vil lese helsinga på båra eller om dei vil at kyrkja sine folk skal gjere dette. Dersom ikkje nokon i familien orkar å lese helsinga på båra er det mest vanleg at presten les helsinga frå dei næraste (på kista) og at ein annan (ven eller slektning) les dei andre helsingane. 
- Familien avgjer sjølve om dei ønsker ei minnestund/båreandakt ved båra før gravferdsdagen. Dersom dei ønsker at presten er til stades ved båreandakta må dette avtalast direkte med presten.
- På gravstaden er det kyrkjekontorets sine tilsette som tek seg av graving av grava, tilrettelegging av senkeutstyret som skal nyttast ved gravlegginga og attfylling og tillaging av grava etter jordfestinga. Det vil bli satt opp eit kvit kors med namn av den døde. Kyrkjegardsarbeidar vil i ettertid rydde i blomane på grava når dei visner. 
De kan også vende dykk til kyrkjekontoret med spørsmål om gravferdsdag, gravstad og anna. Ta også kontakt med gravferdsbyrå dersom de ynskjer praktisk hjelp frå dei.
 
Gravminne.
Familien står fritt til å skaffe gravminne – men gravminnet må vere slik at det ikkje bryt med reglane i Gravferdslova og reglane for kyrkjegardane i Stryn. Kyrkjekontoret i Stryn formidlar ikkje gravminne. Dei aller fleste vel å skaffe dette gjennom gravferdsbyråa. Kyrkjekontoret er behjelpeleg med orientering om gjeldande regelverk for graver og gravminne.
 
Stell av graver
Dersom dei pårørande ønsker det kan kyrkjekontoret tilby stell av grava. Det kan opprettast eit gravfond som skal dekke kostnaden med stell av grava. Da settas det inn eit avtalt beløp som også dekker festeavgifta. Det kan også etter avtale sendast ut årleg faktura. Kyrkjekontoret kan orientere nærare om ulike alternativ og prisar for stell av graver, samt regelverket for gravfonda.

Reglar om grav og gravferd er regulert i Gravferdslova. Forskrift til gravferdslova og lokale vedtekter for gravplassane. Gravferdslova seier kven av dei nærast etterlatne som har rett til å syte for gravferda og ta naudsynte avgjer. Men avdøde kan også ha skrive ein erklæring om kven som skal ha denne retten. 
Avdøde personar som ved dødsfallet var busett i Stryn kommune har rett til fri grav på gravplass her (gfl. § 6). Det kan også veljast gravlegging i ei festa grav (gfl. §§ 8 og 14).
 
Fri grav er ei grav som ikkje er festa, og er utan festeavgift i fredingstida som er 30 år på alle gravplassane våre. Når fredingstida og friperioden er omme, får den som er ansvarleg for grava tilbod om å feste grava vidare mot betaling av festeavgift. Ved bruk av kistegrav er det høve til å reservere ei grav ved sida av. Denne reserverte grava vert også rekna som festegrav.Det er berre privatpersonar som kan ha festerett. Den som er registrert som festar for grava må godkjenne at grava vert nytta om att i aktuelt tilfelle.
 
Festa grav er ei grav som det er betalt festeavgift for. Når det har gått minst 30 år sidan siste gravlegging i grava, kan grava nyttast om att til ny gravlegging. Urne kan likevel setjast ned i kistegrav sjølv om fredingstida ikkje er omme (gfl. §8).
 
Gravfeste:
Alle graver, anten det er fri grav eller festa grav får tildelt eit festenummer. Graver som ligg ved sida av kvarandre og er registrert med same festar eller ansvarshavande, vert rekna som felles gravstad med same festenummer.
 
Festetida vert rekna frå årsskiftet etter utlaup av friperioden (første fredingstid), og det vert betalt festeavgift for 5 år av gongen inntil 60 år etter siste gravlegging i gravstaden. Ved ny gravlegging vert det ikkje endring av forfall for festeavgift. Det er soleis årstal for fyrste gravlegging i gravstaden som styrer forfallstid for festeavgifta, men det er årstal for siste gravlegging som styrer kor lenge gravstaden kan festast. Når det har gått 60 år etter siste gravlegging, er det høve til å søke om vidare feste for 5 år av gongen inntil grava vert 90 år frå siste gravlegging.
 
Avgrensingar:
Stryn Kyrkjelege Fellesråd har høve til å avgrense retten til ny gravlegging i festegraver på grunn av spesielle tilhøve ved einskilde graver. Slike årsaker kan vere at grava er for lita eller fell utanom ny regulering av gravfeltet. Det kan også ha årsak i omsynet til nabograva, store tre eller grunnforholda på den aktuelle staden. Avgrensinga kan vere ingen gravlegging eller berre urne.
 
Fordelar ved bruk av festa grav til ny gravlegging:
-        Alle graver har ein maksimum festetid. Ved å bruke festegrava til ny gravlegging, vil festetida automatisk bli forlenga og rekna ut frå siste gravlegging.
-        Ein vil sleppe å kjøpe ny gravstein dersom den gamle kan brukast.
-        Festaren vil ha ein grav mindre å stelle og halde seg til.
For nærare informasjon, sjå Gravferdslova og Forskrift til gravferdslova på http://www.lovdata.no/

Du kan søke etter informasjon om gravlagde på denne linken.