2.gongs utlysing.VI SØKJAR KYRKJEGARDSMEDARBEIDAR/ KYRKJETENAR I FAST STILLING

VI SØKJAR KYRKJEGARDSMEDARBEIDAR/ KYRKJETENAR I FAST STILLING. 
Stryn kommune ligg inst i Nordfjord med om lag 7.200 innbyggjarar. Her er storslått natur med fjordar, fjell og brear, omfattande turisme og eit rikt kulturliv. Dette gjev gode tilhøve for eit allsidig friluftsliv. Det er i alt 8 sokn i Stryn med 9 kyrkjer og 9 kyrkjegardar

Vår kyrkjegardsarbeidar/kyrkjetenar  går av med pensjon, og vi søkjer hans etterfølgjar.
Stillingsstorleik 100%

Arbeids- og ansvarsområde for kyrkjegardsmedarbeidar/kyrkjetenar vil blant anna vere:
- Vedlikehald av grøntanlegg
- Vedlikehald av gravplassar
- Vedlikehald, tilsyn og drift av kyrkjebygg
- Praktisk tilrettelegging av gudstenester og gravferder som kyrkjetenar
Du vil inngå i eit team og ha samarbeid med andre kyrkjegardsarbeidarar/ kyrkjetenarar, prestar, organistar og
mykje kontakt med publikum og frivillige medarbeidarar.
Vi søkjar etter ein person som:
- Har gode kunnskapar om og erfaring med vedlikehald av grøntanlegg, gravplassar, tilsyn og drift av kyrkjebygg
  Gjerne ein med bakgrunn som tømrar eller snekkar.
- Har stor arbeidskapasitet, god ordenssans, sjølvstendig, serviceinnstilt og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Det vert lagt stor vekt på personleg eigenheit. Søkjar må beherske norsk munnleg og skriftleg.
Det er ynskjeleg med førarkort for klasse C1 og maskinførarbevis for minilastar og minigravemaskin, men ingen krav.
Søkjar må disponere eigen bil. Køyregodtgjersle etter statens satsar.
Vi tilbyr:
Løn og arbeidsvilkår i henhald til gjeldande regulativ og tariffavtale. Gunstig pensjonsordning i KLP.
Den som vert tilsett må være medlem i Den norske kyrkje.
Søknadsfrist: 20.januar 2018
Søknad med CV sendast til: kyrkja@stryn.kommune.no eller pr. post:
Stryn Kyrkjelege Fellesråd
Tonningsgata 4, 6783 Stryn

Vitnemål tas med til evt. intervju.

For nærare opplysingar, kontakt kyrkjeverje Børre Lian på mobil nr. 913 27 882 eller
fellesrådsleiar Rune Berglid, mobil 456 19 320
For informasjon om Stryn: www.stryn.kyrkja.no

11.01.2018