VELKOMEN TIL LYS VAKEN FREDAG 11. JUNI
Kjære 5. og 6. -klassing, DET BLIR LYS VAKEN
Før jul fekk du brev om at Lys Vaken vart utsett til våren. No er det sommar, og vi kan framleis ikkje samle dykk for å overnatte i kyrkja. Men vi kan ha ein fin og innhaldsrik kveld saman med dykk den 11. juni, og det er det du blir invitert til no.
Trykk HER for påmelding
Fredag den 11. juni samlast vi, 5. og 6. -klassingar frå Innvik og Utvik og nokre vaksne. Vi møtest ved Utvik kyrkje kl 1800. Vi skal vere i kyrkja og ute i barnehagen første del av kvelden, før vi går til Salkjelen. (Det vert ikkje bading denne dagen)
Vi avsluttar kvelden med ei gudsteneste på Saltkjelen
kl 2100-2130. (om det vert skikkeleg ruskever vert gudstenesta i kyrkja) Gudstenesta er for dykk og foreldra. Alle 5. og 6. -klassingane får då sin eigen Bibel. Denne vil de få bruk for, særleg når de om nokre år skal bli konfirmantar.

Å vere «lys vaken» for andre
Lys vaken handlar om å vere «lys vakne» for det som skjer rundt oss. Vi skal vere «lys vakne» for kvarandre, for Gud og for oss sjølv.
Lys Vaken har ein eigen song. Den finn du på youtube om du søker på: Lys våken video- Nora Foss Al-Jabri. Det er og laga ein dans, om nokon har lyst å prøve seg på den.
Om lag slik blir programmet:
Kl 1800 Vi startar inne i Utvik kyrkje. Etterkvart går vi til uteområdet i barnehagen
- Velkommen, presentasjon
- Saft og bollar
-
«Pakkeliste»
Ha med sitjeunderlag, klede til å vere ute (litt ekstra kle til kvelden kan nok vere lurt)
|
Leik
Kl 1845 Aktivitetsløype
Kl 1915 Førebu gudsteneste
- Bøner
- Bibelforteljing /Drama
- Dekorasjon
Kl 1945 Vi går i tog til Saltkjelen
Kl 2000 Mat på bål: pølse med tilbehør
KL 2030 Øve til gudstenesta
Kl 2100 Gudsteneste for familien på Saltkjelen,
utdeling av Bibel til 5. og 6. -klassingane
(Ta med noko å sitte på- alle som kjem vil bli registrert)
Kl 2130 Heimtur

Til foreldra
Vi ynskjer dette frå foreldra:
- Nokon som vil vere saman med oss heile kvelden
- Nokon til å hjelpe til med grilling på Saltkjelen.
- Nokon som kan levere bollar
- Nokon som kan rydde litt etter oss i kyrkja/barnehagen når vi går til Saltkjelen
- Så håpar vi at dei fleste foreldra har høve til å vere med på gudstenesta der 5.og 6. klassingane skal få sin eigen Bibel
Ta kontakt med oss dersom barnet ditt har spesielle behov, i matvegen, fysisk eller på andre måtar.
Påmelding skjer via heimesida vår så fort som råd, seinast 10. juni https://www.stryn.kyrkja.no/
De kan også ta kontakt med oss direkte
Leiv Tore Kaarstad: ltkaarst@online.no 90562739
Siv Anita Gjerde: sivagjerde@hotmail.com 91109420
Kateket Beate Nes: beate.nes@stryn.kommune.no 98654244
Om de høyrer om born som ikkje har fått invitasjon må de gjerne invitere dei med.
«Pakkeliste» til deltakarane:
Ha med sitjeunderlag, klede etter ver (litt ekstra kle kan nok vere lurt)!
Helsing Innvik og Utvik kyrkjelyd og oss i trusopplæringa