VELKOMMEN SOM KONFIRMANT
i Indre Nordfjord 2023-2024!

Det er snart sommar, og om ikkje lenge er du 9.- klassing. Då kan du velje å vere konfirmant eit år. Vi her i kyrkja håpar du vil vere det hos oss.
I dette brevet finn du all informasjon du treng
om det å vere konfirmant.
Påmelding skjer på stryn.kyrkja.no frå 30.mai
Informasjonsmøte i Nedstryn kyrkje 13.juni kl 20.00
Påmelding innan 20. juni.
|
Ei viktig tid- eit viktig val!
Du er berre eitt år unna ein høgtideleg dag i livet ditt. Velkomen som konfirmant i Nedstryn, Oppstryn, Loen, Olden, Innvik, Utvik, Nordsida og Randabygd kyrkjelyd!
Konfirmanttida er ei tid for å tenke nye tankar, få nye opplevingar og kanskje nye venner! I konfirmanttida er det tid og rom for å tenke og stille spørsmål.
- Ei tid for å lære meir om Gud, om deg sjølv og om andre menneske.
Å BLI KONFIRMERT OG LITT OM DÅP
Ordet konfirmasjon kan bety både «å stadfeste» og «å gjere sterk». Konfirmasjonshandlinga er ei forbønshandling der vi ber Gud om å velsigne og styrkje kvar enkelt konfirmant. Det krevst ikkje noko vedkjenning frå konfirmanten. Det viktigaste med konfirmanttida er å bli betre kjent med den kristne trua, der Gud seier ja til oss og vil vere ein del av livet vårt.
Er du ikkje døypt og lurer på om du likevel kan bli konfirmert? Klart du kan, og du er heller ikkje aleine! Over tusen ungdomar vert kvart år døypt i forkant av konfirmasjon Om du er døypt eller ikkje, skriv du inn i nettpåmeldinga. Vi kallar inn til ein samtale om dåp litt ut i året for deg som ynskjer å bli døypt.
KONFIRMASJON ER FOR ALLE
Alle er velkomne til konfirmasjonstid i kyrkja– både du som trur, tviler, er usikker, ikkje trur, ikkje har tenkt på sånt før eller er nysgjerrig.
Alle menneske er ulike, og treng ulike tilpassingar. Uansett funksjonsevne har du rett til ei god konfirmanttid. Har du behov for individuell tilrettelegging, er det berre å ta kontakt med oss, så finn vi gode løysinger saman.
10 gode grunnar til å vere konfirmant i kyrkja
1. Du får oppleve kva kristen tru er. Det er meir enn eit skulefag.
2. Konfirmasjonsdagen er berre din, og du har ein dag der du blir bekrefta for den du er.
3. Du får oppleve eit nytt fellesskap med andre på samlingar, og du får bli kjent med fleire ungdomar frå Stryn og frå heile Nordfjord.
4. Du får engasjere deg for andre menneske. Du får også lære kva vi kan gjere for å ta vare på jorda og klimaet vårt.
5. På konfirmasjonsdagen får dei som er glad i deg feire deg.
6. Du får tid til å reflektere over store spørsmål, og bli kjent med kva du trur på – og kva som er viktig for deg.
7. I konfirmasjonstida pratar vi om sorg og glede, om livets store og små spørsmål.
8. Du får tid til å reflektere, tenke kritisk og sjølvstendig om tru og kva kristendom er.
9. Du blir del av eit større fellesskap. Berre sjå på #konfirmantene på TikTok!
10. Du møter folk med ulike meiningar, og saman med dei lærer du noko felles.
|
Konfirmantåret består av 5 ulike delar. Til saman omkring 60 timar.
1. KONFIRMANTGRUPPER m/undervisning
Konfirmantane kan velje mellom ulike modellar for undervisning. (Gruppeynskje skjer i nettpåmeldinga.)
A: Undervisning rett etter skulen
- Stryn: ca 15 onsdager eller torsdagar i Betania, kl. 14.45-16.15
- Olden: ca 15 onsdagar i Solvang, kl. 14.15 – 15.45
B: Kreativkonfirmant (fellesgruppe for heile kommunen)
Kreativkonfirmant jobbar kreativt med dei ulike temaene i konfirmantåret.
Dette er gruppa for deg som likar å vere kreativ. J
Foto, film, og laging av ulike ting. Ca 15 onsdagar i Betania, kl. 14.45-16.15
C: Friluftskonfirmant – «Bål, mat og prat» (fellesgruppe for heile kommunen)
- med undervisning ute som frilufts-/speidaraktivitet. Base i speidarane
sin gapahuk ved Stryn skisenter, ca 15 tysdagar kl. 17.30-19.00
D: Musikk-konfirmant (fellesgruppe for heile kommunen)
Deltek på TenSing (torsdagar kl. 19.00-21.00) eller SoulTeens (måndagar 18-20) som vanleg medlem. Har noko mindre undervisning enn dei andre gruppene, fordi dei får med andakter, og ulike samlingar med koret. (SoulTeens følgjer Solvang-gruppa på nokre samlingar, mens TenSing har eigne samlingar i forkant av nokre av øvingane.)
E: Leir-konfirmant (Fellesgruppe for heile kommunen)
Deltek på Hekta-konfirmantleir på Lillehammer i februar. Undervisning torsdagar i Betania kl 14.45-16.15. Har noko mindre undervisning enn dei andre gruppene, fordi dei får undervisning på leiren. Sjå https://hekta.no/Denne gruppa har plass til 20 stk.
I tillegg til den vanlege konfirmantavgifta kjem betaling for leir ca 1800 kr

2. FELLES KONFIRMANTSAMLINGAR FOR HEILE KOMUNEN
Gjennom året samlar vi heile konfirmantgjengen til ulike samlingar. Aktivitetsdag på hausten, ung messe, konfirmanthelg på våren- Eit av prosjekta vert å lage samtalegudsteneste. Vi kjem tilbake med meir info om desse samlingane.
3. KONFIRMANFESTIVAL
Laurdag 21. oktober skal vi på Konfirmantfestival i Operahuset.
Ca 300 ungdomar frå heile nordfjord.
4. FASTEAKSJONEN
Kvart år er konfirmantar og foreldre, saman med lokalekyrkjelyd, med på Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon. Aksjonen finn stad veka før påske (19. mars). Vi ber om at alle konfirmantane stiller med ein vaksen.
5. GUDSTENESTER
I løpet av året skal konfirmantane delta på minst 8 gudstenester. Nokre av dei er obligatoriske gudstenester som konfirmantane er aktivt med i, f.eks presentasjon- og samtalegudsteneste. Dei skal også delta med oppgåver i 2 «vanlege» gudsteneste.
PRIS
Det kostar å drive konfirmantarbeid. Konfirmantavgifta er sett til kr. 1000.
Avgifta dekker undervisningsmateriell, seminar, aktivitetsdag, konfirmatfestival på Eid, litt mat, leige av konfirmantkappe, osb. Dersom du vel Leir konfirmant kjem leirutgifta i tillegg og som Musikk- konfirmant vil du få tilbod om fleire leirar. Betaling for desse + medlemsavgift kjem i tillegg.
Om nokon skulle ha problem med å betale avgifta ber vi om at de seier i frå,
så vil vi ordne det (sjølvsagt utan at andre får vite det).
Prisen skal ikkje hindre nokon i å vere med!
Offentleggjering av namn og bilde
For å få sette inn oversikt over konfirmantane i avisa før konfirmasjonen, og for å kunne bruke bilde som vert tatt, treng vi godkjenning frå heimen om at det er ok. Kryss av i innmeldingsskjemaet.
. REGLAR
- Dersom konfirmanten vert sjuk, eller av andre grunner ikkje kan møte, skal foreldra gje beskjed til kyrkjekontoret. (Då må han/ho møte på ei av dei andre gruppene. Konfirmantar med mykje fråver vil måtte ta det igjen med heimeoppgåver eller ekstraundervisning.)
- Alle møter presis og har med materiell som Bibel, konfirmantbok og skrivesaker dersom ikkje anna er oppgitt.
- Undervisninga utgjer til saman omtrent 60 timar konfirmantopplegg. Vi veit at mange unge er opptekne i fritida, men vi forventar at det som høyrer konfirmantåret til, vert prioritert høgt.
- Vi brukar sjølvsagt ikkje mobiltelefon i timane/gudsteneste/andre samlingar.
- Alle har ansvar for at det vert gode samlingar. Vi viser omsorg og respekterer kvarandre.
Konfirmantfestival på
Operahuset 21. oktober
Ca 300 konfirmantar frå
heile Nordfjord
Farmen prest Thor Haavik
Band, show, seminar, aktivitet,
Eit samarbeid mellom
Kyrkja i Nordfjord
Bjørgvin bispedøme
og KFUK-KFUM
|
VIKTIGE DATOAR
Skriv datoane inn i kalendaren alt no. Det er viktig å prioritere desse dagane.
Gje beskjed om det ser at datoeane kolliderer med noko som gjeld mange
* Informasjonsmøte i Nedstryn kyrkje 13.juni kl 20.00
* KONFIRMANTPÅMELDING PÅ NETT innan 20.06: stryn.kyrkja.no
Påmeldinga opnar 30. mai
* Presentasjonsgudstenester hausten 2023 markerer starten på konfirmantåret
27.08: Innvik, Oppstryn (Bombeneset)
03.09: Nedstryn, Olden, Nordsida
10.09: Randabygd, Utvik, Loen (Solvang i Bødalen)
* Aktivitetsdag ved skisenteret i Stryn 2. september
* Konfirmatfestival 21. oktober: Operahuset
* Ung messe fredag 19. november (for stryn ungdomskule) 10. desember (olden ungdomskule, og for alle 14. februar
* Konfirmanthelger: 19-21.april
* Tysdag 19.mars: Fasteaksjon
* Samtalegudstenste 21. april
* Konfirmasjon
Laurdag 4. mai
|
Torsdag 9. Mai
|
Laurdag 11.mai
|
Søndag 12. mai
|
Olden
Nedstryn
Loen
|
Nordsida
Utvik
Oppstryn
|
Innvik
Randabygd
Nedstryn
|
Nedstryn
|
(Det går ann å konfirmere seg i ei anna kyrkje en den du høyrer til, om datoen passar betre.Om ingen av dei oppsette konfirmasjonsdatoeane skulle passe- ta kontakt, vi kan konfirmere i ei vanleg gudsteneste ein annan søndag)
|
Velkommen som konfirmant frå hausten av!
Helsing staben i kyrkjene i Indre Nordfjord