Stryn Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Konfirmant 2025-2026?


Lurer du på om du skal konfirmere deg våren 2026?
Informasjon om konfirmasjon i kyrkja i Stryn verdt sendt ut midt i mai.
Påmeldinga opnar i byrjinga av juni og det vert eit infomøte midt i juni.

10 gode grunnar til å vere konfirmant i kyrkja 
1. Du får oppleve kva kristen tru er. Det er meir enn eit skulefag. 
2. Konfirmasjonsdagen er berre din, og du har ein dag der du blir bekrefta for den du er. 
3. Du får oppleve eit nytt fellesskap med andre på samlingar, og du får bli kjent med fleire ungdomar frå Stryn og frå heile Nordfjord. 
4. Du får engasjere deg for andre menneske. Du får også lære kva vi kan gjere for å ta vare på jorda og klimaet vårt. 
5. På konfirmasjonsdagen får dei som er glad i deg feire deg. 
6. Du får tid til å reflektere over store spørsmål, og bli kjent med kva du trur på – og kva som er viktig for deg. 
7. I konfirmasjonstida pratar vi om sorg og glede, om livets store og små spørsmål. 
8. Du får tid til å reflektere, tenke kritisk og sjølvstendig om tru og kva kristendom er. 
9. Du blir del av eit større fellesskap. Berre sjå på #konfirmantene på TikTok! 
10. Du møter folk med ulike meiningar, og saman med dei lærer du noko felles. 

Konfirmantåret består av 5 ulike delar. Til saman omkring 60 timar. 
 
1. KONFIRMANTGRUPPER m/undervisning 
Konfirmantane kan velje mellom ulike modellar for undervisning.  (Gruppeynskje skjer i nettpåmeldinga.) 

2. FELLES KONFIRMANTSAMLINGAR FOR HEILE KOMUNEN 
Gjennom året samlar vi heile konfirmantgjengen til ulike samlingar. Aktivitetsdag på hausten, ung messe,  konfirmanthelg på våren-  Eit av prosjekta vert å lage samtalegudsteneste. 

3. KONFIRMANFESTIVAL  
Laurdag 18. oktober skal vi på Konfirmantfestival i Operahuset. 
Ca 300 ungdomar frå heile Nordfjord.  

4. FASTEAKSJONEN 

Kvart år er konfirmantar og foreldre, saman med lokalekyrkjelyd, med på Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon. Aksjonen finn stad veka før påske (8. april). Vi ber om at alle konfirmantane stiller med ein vaksen. 

 
5. GUDSTENESTER 

I løpet av året skal konfirmantane delta på minst 8 gudstenester. Nokre av dei er obligatoriske gudstenester som konfirmantane er aktivt med i, f.eks presentasjon- og samtalegudsteneste. Dei skal også delta med oppgåver i 2 «vanlege» gudsteneste.  
 

Oversikt over konfirmasjonsdatoane i 2026 

Laurdag 2.mai

Søndag 3.mai

Laurdag 9.mai

Søndag 10.mai

Randabygd
Innvik
Nedstryn x 2

Olden
Nordsida
Loen

Utvik
Oppstryn

Nedstryn

Obs: I Nedstryn vil det vere nødvendig å legge ein kabal med nokså lik fordeling av konfirmantar på alle gudstenestene- den kabalen vert ikkje lagt før på hausten, når alle konfirmantpåmeldingane er inne.

Tilbake