Stillinga gjeld i hovudsak teneste i Olden, Innvik og Utvik kyrkjer, og ansvar for kyrkjemusikken i desse tre sokna.
*Olden kyrkje, langkyrkje i tre frå 1934. Vestre orgel frå 1953/54, 18 stemmer. Ny spelepult frå Aug. Laukhuff 2010. Piano.
*Innvik kyrkje er ei åttekanta kyrkje i tre frå 1824. Orgel frå 1914, Olsen og Jørgensen, 8 stemmer. Piano.
*Utvik kyrkje, langkyrkje i tre frå 1840. Elektronisk orgel frå 2009, ALLEN Q205. Piano. (Orgel frå 1913, Olsen og Jørgensen, 7 stemmer er p.t. ikkje i bruk.)
Ein vert tilsett i heile fellesrådsområdet, og må rekne med noko arbeid og i dei andre kyrkjene. Stillinga kan bli fast.
Arbeidsoppgåver:
*Planlegge og gjennomføre gudsteneste, gravferder, vigsler og institusjonsandakter i samarbeid med prest/stab
*Inspirere til variert og breitt musikalsk uttrykk i gudsteneste og anna kyrkjelydsarbeid
*Ansvar for tilsyn og vedlikehald av kyrkjene sine instrument
*Andre oppgåver kan bli aktuelle
Kvalifikasjonar:
*Kyrkjemusikalsk utdanning eller anna relevant utdanning/røynsle
*Allsidig orgel- og/eller pianodugleik
*Kunne meistre ulike musikalske uttrykksformer
*Røynsle frå kyrkjelydsarbeid og kjennskap til norsk gudstenesteliv
*Kunne kommunisere godt på norsk – både skrifteleg og munnleg.
*Lojalitet til kyrkja sine grunnverdiar og visjon
Personlege eigenskapar:
*Kunne arbeide sjølvstendig og samtidig inspirere, kommunisere og samarbeide godt med frivillege og stab
*Engasjert, fleksibel, strukturert og løysingsorientert
*Open for musikalsk mangfald og tverrfagleg samarbeid
Vi tilbyr:
*Spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø
*Løn etter gjeldande tariff
*Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Anna:
*Må vere medlem i Den norske kyrkja
*Må disponere bil
*Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram godkjend politiattest før tilsetjinga
For spørsmål om stillinga:
Kyrkjeverje Kari Synnøve Muri, tlf. 91327882
Oppstart: snarast råd.
Søknad med CV og referansar til:
Stryn Kyrkjelege Fellesråd, Rognehaugen 11, 6783 Stryn
eller: kari.muri@stryn.kommune.no
Søknadsfrist: 20. mai 2026