Stryn Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Sorggruppe


Kyrkja i Stryn ønskjer å vere til hjelp for dei som opplever sorg, og gjev tilbod om deltaking i sorggruppe. Å møte nokon som har opplevd det same som ein sjølv, blir av mange vurdert som viktig i det langsiktige sorgarbeidet. I ei slik samtalegruppe kan ein få uttrykke tankar, kjensler og reaksjonar  som ein kjenner på etter å ha mista ein nærståande person. I fellesskapet treng ein ikkje ta seg saman eller late som om ein har det annleis enn ein faktisk har det. Den einskilde bestemmer sjølv kor mykje ein vil dele, og tilbodet er for alle uavhengig av livssyn.

For å planlegge oppstart, er frist for å melde interesse satt til fredag 18. desember. Gruppa blir sett saman ut frå noko lunde lik livssituasjon, så langt som råd.
Gruppa baserer  seg på gjensidig teieplikt – for å gje eit trygt fellesskap
Kvar samling varer ca 1 ½ time, og talet på samlingar varierer med gruppestorleiken, gjerne 6-7 gonger.
Gruppa blir leia av prest og diakoniarbeidar, og tilbodet er gratis.

Meld interesse her: https://minpamelding.agrando.no/?skjemaId=e4d8d8c7-8e69-4374-bd13-ced984a0d92f

For meir informasjon, ta kontakt med prest Knut Gjengedal på telefon 94832875 eller e-post: knut.gjengedal@stryn.kommune.no, evt diakoniarbeidar Ann Elin Aabrekk Lie på telefon 403 47 780 eller e-post: ann.elin.aabrekk.lie@stryn.kommune.no

Tilbake